Det vil gjerne sjokkere Rune at statististikk er eit eige fagfelt. I det siste har Fardal egla seg inn på det, ved å repetere ein spørjeundersøkelse som UiB gjorde i befolkinga. Grunnen til at Fardal vil repetere den er at UiB kom til at folk hadde tillit til barnevernet – og det kan jo ikkje stemme med Fardal sitt verdsbilete.
Han postar spørjeundersøkjinga på sin eigen facebookvegg, og på grupper som «Barnevernet vil vi ha helt fjernet».
Problemet er at det er ikkje eit representativt utval Fardal når. Han når dei som allereie hater barnevernet. Resultatet av spørjeundersøkelsen er gitt av kven han spør. I tillegg har Rune sjølvsagt endra litt på spørsmåla, som han ikkje meinte var gode. UiB har antakeleg køyrt ein del rundar på spørsmåla, for å sørge for at dei ikkje legg føringer på svara. Det drit Fardal i, for han meiner dei ikkje var gode nok.
For at ein slik undersøkelse skal ha ein verdi må spørsmåla stillast til eit representativt grunnlag av befolkinga. Det finst statistiske metodar for å berekne kor stort eit slikt utval bør vere, avhengig av konfidensintervallet du vil ha i svaret. Det finst metodar for å sørge for at utvalet vert så gjennomsnittleg som råd og. Men det bryr ikkje Fardal seg om.
Dette avslørar Rune Fardal totalt. Han bryr seg ikkje om kva som er rett; han har rett. Tidlegare har han køyrt hart på det han kallar manglande faglegheit hjå barnevern og folk som jobbar på feltet. Her oppviser Rune Fardal totalt manglande faglegheit innan statistikk. Det har han forsåvidt oppvist før og…
Det er tydeleg at for Fardal er det ikkje viktig kva som er rett og galt, eller kva som er vitenskap. Det som er viktig er at mannen i kvit frakk har rett. At han vil gjere seg sjølv til latter om han tek opp tala han får i akademiske samanhenger ser ikkje ut til å plage.
Miljøet rundt han er i ferd med å verte eit stadig meir lukka ekkokammer, der kritiske røyster vert systematisk fjerna, og kun hyllest av det rådande verdsbiletet får stå. Det er det motsette av vitenskapen, det er det motsette av det Rune Fardal påstår han representerer. Men det bør vere tydeleg for alle at det er eit miljø utan aksept for kritikk eller korreksjon. Dette er cargo cult science. Og det fører ikkje til auka gjennomslag for Rune.