Narsissisten Marius Reikerås.

Marius Reikerås har i dag eit facebookinnlegg der han tek til orde for å drite i karantenereglane:

Det er ikke aktuelt for meg å akseptere noe inngrep i min bevegelsesfrihet når jeg kommer hjem til Norge, ref karanteneperioden som styresmaktene har satt til ti dager.

I klartekst: Reikerås bryr seg ikkje om karantenereglane. Han vil gjere som han vil etter å ha vore i utlandet. Stort klårare kan ikkje det seiast at han ser på seg sjølv som heva over lover og reglar som gjeld andre – slik vi har sett så mange gongar før.

For å underbygge argumentet sitt siterer han EMK, men ignorerer eit viktig punkt, nemleg at EMK sjølvsagt ikkje er eit absolutt sett reglar, men kan innskrenkast om offentleg orden, hensynet til andre, eller folkehelsa krev det. Det står i klårtekst i det Reikerås sjølv vel å sitere. La meg utheve det. Sitatet er henta frå has innlegg.

Utøvelsen av disse rettigheter skal ikke bli pålagt andre innskrenkninger enn slike som er i samsvar med lov og er nødvendige i et demokratisk samfunn av hensyn til nasjonal sikkerhet eller offentlig trygghet, for å opprettholde samfunnsordenen (ordre public), for å forebygge forbrytelser, for å beskytte helse eller moral, eller for å beskytte andres rettigheter og friheter.

Karantena er eit tiltak for å verne andre si helse, og for å verne andre sine rettar til å bevege seg fritt i samfunnet. Inngrepet i den enkelte sine rettar, ved å måtte uthalde ti dagars karantene, er mindre enn ulempene for mange andre om vi får smittespreiing i samfunnet. Det er noko som heiter solidaritet og. Eller har Marius Reikerås gløymt at han kjempar for dei svake; dei som risikerer å døy av covid-19-infeksjon?

Viare gløymer han artikkel 2; retten til liv. Staten har ei plikt til å verne livet til innbyggjarane. Dvs. at dei må settje i verk tiltak som vernar om helsa – og livet – til folk; og folk i risikosona. Karantene er eit slikt tiltak.

Eller som ein professor ved Liverpool University skriv:

Second, Article 5-1e allows legal detention of those who can spread infectious diseases. This provision and the case law of the ECtHR talks about the conditions when such detention will be in compliance with the ECHR: it should be made in accordance with national law, it should be limited in time and it should serve the purpose it is initiated for – namely, preventing spreading of infectious diseases. Otherwise, such detention will be arbitrary and hence in violation of the ECHR.

Kanstantsin Dzehtsiarou ved universitetet i Liverpool meiner altså at tiltaka ikkje bryt mot menneskerettane.

Målet med karantenen er å hindre smittsom sjukdom. Den er av avgrensa lengde (10 dager) og har relativt milde føringar på kva du kan gjere og ikkje. Det er lett å forutsjå om du må i karantene eller ikkje, og den er ikkje tilfeldig. I tilfellet Marius Reikerås er det ein konsekvens av eit val han tek om å reise.

Han viser og til EØS-reglane:

Om en slik karantene skulle bli gitt, er jeg villig til å ta den for retten. Jeg anser også en slik karantene for å være i strid med EØS reglene, så lenge andre land finner det greit at nordmenn besøker landet.

Her det vel ikkje stort meir å sei enn å vise til at EU har godkjent innskrenkingane, og svært mange EU-land har liknande tiltak. Tvert imot har EU tilrådd reiserestriksjonar ser det ut til. Lukke til med å få den gjennom, Marius.

Depending on the local regulations by the Länder, people entering the country from abroad may be required to spend two weeks in mandatory quarantine.

Marius Reikerås viser seg igjen som ein som ser på seg sjølv som universets midtpunkt, og meiner at lover og reglar ikkje skal gjelde han. Ikkje ein gong om reglane er laga i solidaritet med dei som vil stå i fare for å døy av Corona.

Marius Reikerås har tidlegare delt eit innlegg om sin onkel, som ikkje fekk friskluft når han ville. Det er dette karantene handlar om. Det handlar om å gje dei som er sjuke, eldre, eller ikkje vil tåle ein corona-infeksjon fridom.

Solidariteten til Reikerås strekkjer seg tydelegvis ikkje lenger enn til eigen nasetipp. For ved eigen oppførsel risikerer Marius Reikerås å tvinge andre eldre, som sin no avdøde onkel, til å unngå kontakt med andre mennesker – på grunn av smittefare.

3 tanker om “Narsissisten Marius Reikerås.”

    1. Man kan vel være narsissist uten å ha noen diagnose. Diagnosen heter jo narsissistisk personlighetsforstyrrelse. Kan ikke se at trådstarter har satt noen diagnose på Reikerås.

      Liker

Det er stengt for kommentarer.