Reikerås lyg om munnlege opplesinger i EMD.

I ein serie facebookinnlegg (1, 2) hevdar Reikerås at den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) ikkje avheld munnlege høyringer.

Det er sjølvsagt ikkje sant. I den siste facebookstatusen viser Reikerås til ei konkret sak, Mihalache v. Romania. Opplesinga kan ein sjå her.

EMD har til og med ei eiga side dedikert til filmar av opplesingene.

Det ser ikkje ut til at absolutt alle storkammersaker får munnleg opplesing av dommen, men mange nok til at Marius Reikerås neppe kan ha sjekka veldig grundig, når han konstanterer at den munnlege opplesinga seier noko om kor alvorleg EMD tek saka. Når han seier det ikkje fann stad munnleg opplesing i Mihalache v. Romania lyg han.

Marius Reikerås har tidlegare proklamert seg som ekspert på menneskerettar, og viser stadig vekk til lausrevne sitat frå dommar EMD har avsagt. Då er det på grensa til påfallande at han ikkje kjenner til at dei vert lest opp relativt ofte.

Eg er freista til å tru at Marius Reikerås lyg. For det var ikkje vanskeleg å finne opptaka på nettsida til EMD.